Ordførerkandidat

Arnar Kvernevik

Er 59 år, far til fire og bestefar til tre. Bur på Sandane.
Utdanna elektroingeniør frå Høgskulen i Narvik (HiN) i 1982.
Arbeider som prosjektleiar i Vestavind Kraft, tidligare arbeidd som driftsingeniør i SFE. Har erfaring som tillitsvalgt mellom anna som leiar for NITO avd SFE og leiar i konsernutvalet til SFE. Mine viktigaste fritidsinteresser er fotturar, flugefiske og bridge.
Mine hjertesaker er samferdsle, skule og lokalt næringsliv! Vi må ta heile landet i bruk; gjenreise slagordet ”by og land - hand i hand”.
Det er fleire gode grunnar til å stemme på AP i Gloppen. Vi vil konsekvent arbeide for å gjere Gloppen til ein enda betre plass å bu, med likebehandling og gode tenester for alle, trygg oppvekst for barn og ungdom og meiningsfull og god eldreomsorg. Gloppen Arbeidarparti skal føre ein kunnskapsbasert politikk som vil føre til styrkjing av lokalt næringsliv og bidra til nyetablering gjennom rask planhandsaming og syte for nok attraktive tomtar og næringsareal. Fleire og gjerne fleksible barnehageopptak vil føre til at familier lettare kan etablere seg i Gloppen.