Ordførerkandidat

Elin Hauge

Ordførarkandidat Luster kommune | Barnehagelærar | Skjolden | f. 1976

Bli bedre kjent med Elin Hauge:

Elin Hauge kjem frå Kollsete i Sogndalsdalen der ho vaks opp på ein sauegard saman med to brør. Familien var ein typisk familie med delt arbeidarklasse og gardsliv. Far hennar jobba som bussjåfør og mora som reinhaldar i tillegg til garden. I andre etasje budde besta på loftet som Elin var særs nært knytt til, og ho lærte mykje av ho om vennskap, inkludering og gode verdiar.

Ho flytta heimanfrå og på hybel i ung alder, og som student i Sogndal møtte ho sin Johannes då ho jobba på Tufte-kiosken på fritida. Elin er van med å jobba mykje, både frå oppveksten i dalen, under studenttida og etter kvart som gardsfrue på Hauge gard. Ho er utdanna barnehagelærar og jobbar som assisterande styrar ved Gaupne barnehage.

Elin har lang erfaring frå barnehagesektoren i Luster kommune, både som pedagogisk leiar, assisterande styrar og styrar. Ho har også jobba som lærar i grunnskulen. I 2011 vart ho og Johannes drivarar av Hauge gard, og dei har interesse for sau, potet, jordbær, bringebær, blåbær, tomat, agurk, salat mm, og dei er fast leverandør til Skjolden Hotell. Innimellom har dei vorte foreldre til 3, Kine (17), Per (15) og Didrik (10). Gutane er oppattkalla etter besteforeldra sine, noko som har lang kulturtradisjon i Sogn.

I 2000 valde Elin å flytte inn fjorden til Skjolden og Johannes. Ho engasjerte seg raskt i lokalsamfunnet gjennom bygdelag, idrettslag, arbeidarlag, Kulturdagane, 4H og ikkje minst som styreleiar for Skjolden Eigedom som bygde ny nærbutikk i 2016, og ho er i dag det ein kan kalle ei eldsjel. Sjølv om ho har nære band til Sogndal, Vik og Voss, er det lustrasamfunnet som står hennar hjarte nærast.

Me kjenner ho gjennom snart 4 år i lokalpolitikken. Ho kom inn i kommunestyre og formannskap som eit friskt pust i 2015, og sjølv om læringskurva til tider har vore bratt, er ho særs takksam for å ha fått tillit og høve til dette viktige arbeidet! Elin er omgjengeleg, aktiv, samfunnsengasjert, nysgjerrig og kunnskapsrik. Ho er oppriktig interessert og venleg mot sine medmenneske, og ho er eit naturleg midtpunkt i mange sosiale settingar fordi folk likar så godt å snakke med ho. For Elin er det naturleg å ta ansvar. I staden for å vere misnøgd, går ho inn for å bidra til å skape betring.

Så kva med Luster? Mykje går bra i Luster. Vår ordførarkandidat har i mange samanhengar stått fram og sagt kor stolt ho er av lustramentaliteten, dugnadsånda og lustrasamfunnet. Saman har me fått til mykje! Likevel er ho ikkje redd for å peike på utfordringar og kva som må bli betre.

Ho meiner me må bli flinkare på å ta innover oss at me er ein utkantkommune med relativt stabil vekst i tal innbyggjarar. Me må halde fram med å hegne om inkludering i lokalsamfunnet og søkje samarbeid der det er naturleg. Ein del born i Luster lever i fattigdom, og det er særs mykje skam knytt til det. Derfor er det viktig å skape gode møteplassar og sosiale tilbod som ikkje er avhengig av ei tjukk lommebok. Det er også eit av hovudpunkta i valprogrammet vårt.

Ein ordførar er den fremste kulturberaren for kommunen. Me må klare å skape ein kultur i kommunen som ber preg av tryggleik og entusiasme, men også respekt. Slik kan me saman vere ombod for folket i medgang, men ikkje minst i motgang.

En viktig sak for Luster Arbeidarparti er arbeidsgjevarpolitikk med fokus på heiltidskultur og tryggleik for arbeidstakarane. Her har vår ordførarkandidat stor fagleg og erfaringssterk tyngde.

Me vil ha tilgjengelege tomter i alle bygder! I dei største tettstadane våre må jordvernet nokre gonger vike til fordel for folketalsvekst.

Med Elin som ordførar vil du få ei som er stolt av Luster og det me får til! Ho ser løysingar der andre ser problem, og utfordringar er berre eit nytt høve til at ho og laget hennar finn nye løysingar. Det Arbeidarpartiet skal få til for folk i våre små og litt større bygder, skal me gjere i lag! Uansett politisk forankring kjem me lengst med konstruktivt samarbeid.

Elin er gruppeleiar og går ofte på talarstolen der ho kjempar for gode politiske løysingar. Ho er ikkje redd for å ta ordet i større forsamlingar, om det er konferanse, årsmøte i Bergen eller landsmøte på Youngstorget. To gonger har Elin fått delta ved Landsmøtet til AP, og begge gonger har ho hatt knakande gode innlegg på vegner av oss vestlendingar. Ho gjer oss stolte!

Men spør du ho sjølv, så vil ho nok seie at ho trivst best i dei kvardagslege menneskemøta, gjerne over ein kopp kaffi eller mellom vekstane i drivhuset. På Hauge kjenner ein seg alltid velkomen, og det er viktig for Elin at folk opplever å bli sett og høyrt.

Me i Luster er stolte over at ho har sagt seg villig til attval til kommunestyret, og me er særs nøgd med å ha ein kvinneleg ordførarkandidat. Me har trua på at Elin blir ein kjempeflott ordførar!

Dette er berre litt om kven Elin er og kanskje fortel det deg litt om kva Arbeidarpartiet kjem til å ha fokus på. Luster Arbeidarparti har eit dyktig lag som stiller opp for innbyggarane i kommunen dei neste fire åra, og me er stolte av lagbyggaren me har fått som ordførarkandidat!

Av: Eli Hansen Moen