Representant

Harald Bjarte Reite

Eg er 49 år gamal, gift og har tre born. Er utdanna vernepleiar og jobbar i dag som einingsleiar i Bu– og miljøtenesta i Førde. Tidlegare har eg jobba som miljøterapeut både i kommune og helseforetak. Eg har vore aktiv i Fellesorganisasjonen (FO) i mange år, både som leiar og hovudtillitsvald i Helse Førde.
Har lang fartstid i politikken. Sit i dag på mitt 11. år i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, og er valkampsjef i Førde Arbeidarparti. Har i over ti år hatt ulike verv i Førde Arbeidarparti.