Representant

Henrik Oppen

Eg er 57 år, gift og bur i Høyanger. Eg kjem frå Høyanger sørside og arbeider ved Osland Havbruk AS
Eg sit i Sogn og Fjordane fylkesting og er medlem i Hovudutval for opplæring.

Eg vil arbeide for å bevare den desentraliserte strukturen i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane. At flest mogeleg elevar skal ha eit vidaregåande utdanningstilbod i sitt eige heimemiljø. Kvaliteten i den vidaregåande utdanninga i Sogn og Fjordane er med den beste i landet, og det er viktig å bevare.
Dei vidaregåande skulane er og svært viktige samfunnsaktørar i dei lokalsamfunna dei er lokaliserte.
Statusen til Fag- og yrkesutdanninga må styrkast, for å tilby elevane mest mogeleg relevant og praktisk opplæring, og samtidig utdanne arbeidskraft som offentleg og privat næringsliv etterspør.