Representant

Helen Hjertaas

Eg har vore med i Vågsøy kommunestyre i ei årrekke med ulike verv. Sitter i denne perioden i Fylkestinget og er med i samferdsleutvalet.
Eg er oppteken av gode felleskapssløysingar, sikre og trygge arbeidsplassar, skule, helstetenester og andre offentlege tenester. Vi må bygge landet og ta heile landet i bruk, ha fokus på infrastruktur og arbeidsplassar, press- og avlastningsområder og ha likeverdige tilbod til alle innbyggjarane i heile landet.
Årsaken til at eg vart med i politikken er fordi eg syns det er viktigare prøve å gjere noko med det, enn å sitte på ræva (eller internett) og syte og klage!