Våre politikere


Fylkestinget

  • Åshild Høivik Kjelsnes

    ashild.kjelsnes@sfj.no

    Fylkesordførerkandidat i Sogn og Fjordane for Arbeiderpartiet. Bur i Flora kommune. Samfunnsengasjert og har spesielt jobba mykje med samferdsle, trafikktryggleik, rassikring og folkehelse. Er oppteken av at vi skal ha og utvikle arbeidsplassar i som ungdom ynskjer å ta til i, slik at dei vil bu og arbeide i vårt flotte fylke.

  • Åshild Høivik Kjelsnes

    ashild.kjelsnes@sfj.no

    Fylkesordførerkandidat i Sogn og Fjordane for Arbeiderpartiet. Bur i Flora kommune. Samfunnsengasjert og har spesielt jobba mykje med samferdsle, trafikktryggleik, rassikring og folkehelse. Er oppteken av at vi skal ha og utvikle arbeidsplassar i som ungdom ynskjer å ta til i, slik at dei vil bu og arbeide i vårt flotte fylke.

  • Hilmar Høl

    hilmar.hol@sfj.no 902 01 564

    Industriarbeidar frå Årdal. Gift med Merete. Har tre ungar,ein hest og ein hund ;-) Jobbar på Hydro der eg er tillitsvalgt og driv med politikk på fritida. Er leiar I Sogn og fjordane Ap. Leiar for hovedutvalg for plan og næring på fylkestinget. Er formannskapsmedlem og gruppeleiar for kommunestyregruppa i Årdal Ap.

  • Helen Hjertaas

    Eg har vore med i Vågsøy kommunestyre i ei årrekke med ulike verv. Sitter i denne perioden i Fylkestinget og er med i samferdsleutvalet. Eg er oppteken av gode felleskapssløysingar, sikre og trygge arbeidsplassar, skule, helstetenester og andre offentlege tenester. Vi må bygge landet og ta heile landet i bruk, ha fokus på infrastruktur og arbeidsplassar, press- og avlastningsområder og ha likeverdige tilbod til alle innbyggjarane i heile landet. Årsaken til at eg vart med i politikken er fordi eg syns det er viktigare prøve å gjere noko med det, enn å sitte på ræva (eller internett) og syte og klage!

  • Torbjørn Vereide

    Eg er ein energisk kar på 26 år som blei engasjert i politikkens verden gjennom den vidaregåande skulen. Plutselig skjønte eg at det var mogleg å påverke samfunnsretninga, og det inspirerte meg til å bli aktiv i AUF og AP. Etter at eg studerte Innovasjonsleiing på Høgskulen i Ålesund, har eg fått gleda av å etablere eigne bedrifter innanfor Taco-prenøskap og galskapsfulle brettspill-lanseringar. Det har mykje jobb å starte eiga bedrift, men jammen er det også ei utruleg lærdomsreise.

  • Harald Bjarte Reite

    hbr@forde.kommune.no 901 50 161

    Eg er 49 år gamal, gift og har tre born. Er utdanna vernepleiar og jobbar i dag som einingsleiar i Bu– og miljøtenesta i Førde. Tidlegare har eg jobba som miljøterapeut både i kommune og helseforetak. Eg har vore aktiv i Fellesorganisasjonen (FO) i mange år, både som leiar og hovudtillitsvald i Helse Førde. Har lang fartstid i politikken. Sit i dag på mitt 11. år i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, og er valkampsjef i Førde Arbeidarparti. Har i over ti år hatt ulike verv i Førde Arbeidarparti.

  • Karianne Alette Torvanger

    karianne.torvanger@sfj.no 996 06 484

    Ap-politikar og samfunnsengasjert. Sit på fylkestinget i Sogn og Fjordane for AP. Medlem i Hovedutval for opplæring. Er også medlem i bystyret i Flora Kommune og sit der i Kultur og Oppvekstutvalet Mor til Martin Andreas 13 år og Noah Johannes 3 år.

  • Henrik Oppen

    Eg er 57 år, gift og bur i Høyanger. Eg kjem frå Høyanger sørside og arbeider ved Osland Havbruk AS Eg sit i Sogn og Fjordane fylkesting og er medlem i Hovudutval for opplæring. Eg vil arbeide for å bevare den desentraliserte strukturen i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane. At flest mogeleg elevar skal ha eit vidaregåande utdanningstilbod i sitt eige heimemiljø. Kvaliteten i den vidaregåande utdanninga i Sogn og Fjordane er med den beste i landet, og det er viktig å bevare. Dei vidaregåande skulane er og svært viktige samfunnsaktørar i dei lokalsamfunna dei er lokaliserte. Statusen til Fag- og yrkesutdanninga må styrkast, for å tilby elevane mest mogeleg relevant og praktisk opplæring, og samtidig utdanne arbeidskraft som offentleg og privat næringsliv etterspør.

  • Odd Atle Stegegjerdet

    odd.atle.stegegjerdet@hotmail.com 994 59 374

    Leiar. Busett i Gaupne, f. 1958

  • Senea Sabanovic

    senea90@hotmail.com 970 23 702

    Eg heiter Senea Sabanovic, født i 1990 og bur i Sogndal. Er student, ung og samfunnsengasjert. Styremedlem i Sogndal arbeidarparti og er tredje kandidat til kommunevalet i Sogndal. Som kandidat for Arbeidarpartiet er eg oppteken av fylket som heilheit, og at me skapar eit best mogeleg samfunn saman. Mi hjertesak er at me skal ha eit sterkt offentleg helsetilbod, der alle skal få den hjelpa dei treng, når dei treng den. Gode velferdstenester for alle skal vera ein garanti med Arbeidarpartiet. Eg er glad for at me har gratis tannhelsetilbod til alle barn, eldre og sjuke. Det siste året er det gledeleg å sjå at alle rusmisbrukarar som er under rehabilitering får gratis tannhelsetilbod. Dette er viktig for at rusmisbrukarar skal få eit verdig liv. Det er eit godt døme på ein velferdspolitikk eg vil bidra til.

Stortingsrepresentanter

  • Ingrid Bjørketun Heggø

    Hei, eg er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, bur på Kyrkjebø i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane. Eg er inne i min andre periode her på Stortinget, og er medlem av næringskomiteen.Eg har ansvaret for virkemiddelpolitikken, eigarskap, reiseliv , Industri og romfart. AP sitt fremste fortrinn er å skape og trygge arbeidsplassar samtidig som det offentlige sikkerheitsnettet er der viss ein av ulike grunnar ikkje har ein jobb å gå til.Interessene mine utanom politikk er friluftsliv og lesing. Likar også hagearbeid og blomster, men får ikkje tid til det...