Styremedlem

Odd Atle Stegegjerdet

3. kandidat Luster kommune| 26. kandidat Vestland fylke | Dagleg leiar | Gaupne | f. 1958

Bli bedre kjent med Odd Atle Stegegjerdet:

Odd Atle er ein samfunnsengasjert kar på 60 som bur i Gaupne, saman med ungdomskjærasten Bjørg og katten Linus-Lina. Barn og barnebarn bur i Gaupne og på Gjøvik og dei besøker han så ofte han kan. Trivst veldig godt i Luster og Indre Sogn der samvær med stor familie, slekt og venekrets får prega kvardagen i tillegg til engasjementet han har til jobb, politikk og ulike lag og organisasjonar. 

Jobben hans som leiar for ATS er spennande og utfordrande kvar dag fordi han gje sitt bidrag til at mange personar med ulike vanskar i arbeidslivet får eit tilrettelagt arbeidstilbod på senteret. Saman med medarbeidarane sine prøvar han å skapa ein god dag på jobben, som også er mottoet for verksemda.

Odd Atle er engasjert i politikk både i heimkommunen og på fylkesnivå, han har vore folkevald imange år og tillitsvald i partiarbeidet frå 1990. For tida er han sekretær i Luster Arbeidarparti og leiar i Gaupne Arbeidarlag. Han stiller til val til kommunestyret og til fylkestinget i Vestland.

Han brenn litt ekstra for samfunnsutvikling, samferdsle og velferdspolitikk, og kjenner godt til samfunnsutfordringar og -mogelegheiter etter 3 periodar i kommunestyret og 2 periodari fylkestinget.

På fritida likar han godt å vera aktiv, både fysisk og sosialt. Han har oppdaga spinning som treningsform og trenar no på det nye Friskhuset, i tillegg til i Lustrabadet. Som ekte lustring nyttar han også so ofte han kan naturen rundt seg til både oppleving og trim. Det er heller ingen løyndom at han - som tidlegare bygningsmann - set stor pris på nokre stadige eigne byggjeprosjekt og å hjelpa familie og vener som treng slik hjelp.

Odd Atle er truleg meir glad i å køyra bil enn dei fleste. Derfor kunne han ikkje å seia nei når svigersonen skaffa han hovudrolla i ein Volvo-reklame. Og so tok han og kjøpte bilen etterpå. 

Samferdsle, bustadpolitikk, likestilling og likeverd er viktige politikkområde for han.