Valet 2015

Ein lang og spennande valkamp er over, tusen takk til alle som har stemt på oss og bidratt til gode resultat. Vi gjekk fram i fylkestingsvalet og var størst i fylket på kommunevalet.

original_1478641301_9784627

Sjølv om vi ikkje fekk fylkesordføraren vidare, gjorde vi eit godt val, og kom inn med ei stor gruppe med gode representantar:

1. Åshild Kjelsnes (fylkesvaraordførar)

2. Hilmar Høl

3. Helen Hjertaas

4. Torbjørn Vereide

5. Harald Barte Reite

6. Karianne Torvanger

7. Henrik Oppen

8. Odd Atle Stegegjerdet

9. Senea Sabanovic

Vi beheld ordførarar i Høyanger, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Årdal og Naustdal, gratulerer til dykk med gode val. I tillegg får vi nye ordførarar i Flora, Bremanger og Vågsøy - gratulerer til Ola, Espen og Kristin. Vi har i tillegg fått fleire varaordførarar og fått gode posisjonar i fleire kommunar.