Trond Giske kjem til Eid

Nestleiar Trond Giske kjem til Eid 2. februar. Vi inviterer til ope møte kl. 18.30 i Operahuset for medlemmer og sympatisørar. Her vil Trond halde føredrag med utgangspunkt i boka si "La læraren vere lærar".

original_1478638747_7045796

Mykje av det Trond tek opp i sitt foredrag er aktuelt for våre kommunepolitikarar.

I tillegg til å vere nestleiar i partiet er Trond også leiar i Utdanningskomiteen på Stortinget. Han kjem til oss for å engasjere oss i debatten om norsk skule, og kjenner vi han rett vil han garantert greie det!

Boka handlar om korleis vi skal få ein skule der alle barn lukkast. Trond Giske følgde sin gamle barneskule gjennom eitt år for å lære meir om dagens skulekvardag.

Her fann han svar på viktige spørsmål som:

Kva skal barna våre lære?

Kvifor let vi nokre barn tape?

Kva for krav bør vi stille til foreldra?

Fins det sikker kunnskap om kva som verkar?

Kva for feil har reformvillege politikarar gjort?

Møtet varer ca 2 timar og er ope for alle medlemer og sympatisørar. Det vert enkel servering før møtet.