Til minne om Kjell Opseth

Kjell Opseth

Det er med sorg vi har motteke meldinga om at Kjell Opseth er gått bort, nær 82 år gammal. 

I Sogn og Fjordane AP si historie vil Kjell for alltid bli ståande som ein av dei aller største. Få personar i dette fylket har sett så store spor etter seg nasjonalt som det Kjell greidde i si tid først som samferdsleminister og seinare kommunalminister. 

Kjell var fødd inn ein ekte Ap-familie og fekk med seg dei sosialdemokratiske kjerneverdiane heilt frå oppveksten av. Desse verdiane var han tru mot heile livet. 

Kjell engasjerte seg i politikken då han flytta heim til Førde etter nokre år i Oslo. Han vart leiar i Førde AP og seinare leiar i fylkespartiet, før han vart valt som stortingsrepresentant i 1981. Han sat 4 periodar på Stortinget før han takka for seg i 2001. 

I 1990 vart Kjell utnemnd til samferdsleminister då Gro Harlem Brundtland danna regjering. Kjell vart sitjande som statsråd i 7 år og vart ein av Gro sine mest fortrulege medarbeidarar.  Etter 6 år som samferdsleminister vart han i 1996 utnemnd til kommunalminister. Dagleg vert vi minna om Kjell sitt virke som samferdsleminister gjennom dei konkrete prosjekta som står att og vert brukte av tusenvis kvar einaste dag. Han landa 40-års krangel om ny hovudflyplass og fekk denne bygd på Gardermoen. Vidare sørga han for heilårs stamveg mellom Oslo og Bergen over Filefjell med bygging av Lærdalstunnelen. 

Kjell Opseth sitt politiske virke var prega av ei utruleg gjennomføringsevne og evna til å skaffe seg fleirtal for dei sakene han ville ha gjennom. Kjell var ein hardtarbeidande pragmatikar meir enn ein ideolog, men hadde likevel Arbeidarpartiet sine grunnverdiar med seg i alt han føretok seg .  

På fylkesårsmøtet i 2016 fekk Kjell overrekt æresbevis for 50 års medlemskap i 2016 i Arbeidarpartiet av partisekretær Kjersti Stenseng. Det sette eit verdig punktum for eit langt og innhaldsrikt politisk liv. Vi sender våre varmaste tankar til familien til Kjell og lyser fred over minnet hans.

Hilmar Høl 

Fylkesleiar

��w�

Kjell Opseth