Sogn og Fjordane Ap vil ha fleire lærlingar i fylkeskommunen.

For Ap er det viktig å heve statusen til yrkesfag og å motivere unge til å velje yrkesfag. Lærlingplassar i både offentlig og privat sektor er nødvendig for at fleire gjennomfører ei yrkesutdanning, seier Henrik Oppen og Senea Sabanovic, som begge sit i opplæringsutvalet i fylket. Dei viser til at auka gjennomføring i vidaregåande opplæring er eit av satsingsområda til fylkeskommunen.

original_1478641723_92827

Behovet for fagarbeidarar innan ulike områder er stort. Fylkeskommunen har også ein ambisjon om at alle med ungdoms- eller vaksenrett som søkjer læreplass som første ønske, skal få eit tilbod. Dessverre ser vi når ungdomane ikkje får førstevalet sitt om læreplass, vel dei ofte andre løysningar

som ikkje fører dei fram til fagarbeidarkompetanse.

Arbeidet med å skaffe fleire læreplassar både i privat og offentleg sektor er viktig, men spesielt i offentleg sektor ser vi eit stort forbetringspotensiale.

Dette er noko KS sitt landsting også har fokus på ,og dei har anbefalt kommunal og fylkeskommunal sektor å etablere fleire lærlingsplassar.

Difor er det etter vårt syn viktig at fylkeskommunen går føre med eit godt eksempel og bidreg til å følgje KS sine anbefalingar, seier gruppeleiar Åshild Kjelsnes.

AP fekk som i dag fekk eit samrøystes fylkesutval til å vedta at fylkeskommunen bør ha som ambisjon å bidra med læreplassar i fylkeskommunal sektor i tråd med KS sine anbefalingar. Administrasjonen får i oppdrag å utgreie ei sak om korleis dette kan realiserast.

For ytterlegare kommentarar ta kontakt med :

Gruppeleiar Åshild Kjelsnes 918 88 568

Medlem i Hovudutval for opplæring , Henrik Oppen 911 06 242

Medlem i Hovudutval for opplæring, Senea Sabanovic 970 23 702