Samling for seniorane

Roald Kvamme innleiar på seniortreff

Tysdag 25. september inviterer vi til seniortreff på Thon Hotel Jølster på Skei.Samlinga startar kl. 11.00 og blir avslutta til kl. 14.00.Gruppeleiaren vår i Hordaland AP, Roald Kvamme, er innleiar. Han er leiar for programnemnda i Vestland AP og tema vert arbeidet med programmet.

Dette er såleis eit glimrande høve til å vere med å påverke programprosessen til det nye Vestland AP.

Ta turen til Skei for å vere med å utforme framtidas Vestland og for å ha ei sosial stund saman med gode partifeller frå heile fylket.

Samlinga er gratis og det vert servert betasuppe til lunsj.

Påmelding innan 21. september til arve.helle@arbeiderpartiet.no