NY ORGANISASJONSSEKRETÆR

Arve Helle frå Fjaler er tilsett i eit års vikariat som organisasjonssekretær i fylkespartiet frå og med 1. januar 2016 og eit år framover. Han skal vikariere for Michelle Walmann som skal ha svangerskapspermisjon.

original_1478641497_342956

Helle har vore aktiv kommune- og fylkespolitikar sidan 1995 og har m.a vore ordførar i Fjaler i 12 år, fast medlem av fylkestinget i ein periode, pol.rådgjevar i Fiskeridepartementet i Stoltenberg I-regjeringa og leiar av Fjaler AP i ei årrekke.

Før han vart heiltidspolitikar jobba Helle i Sogn og Fjordane Fotballkrets i mange år og er såleis godt kjend med organisasjonssarbeid.