NEI TIL RETUR AV OKTOBERBORNA

Styret i Sogn og Fjordane AP har gjort følgjande vedtak om oktoberborna:

F.v Kristin Maurstad, Solveig Willis og Hilmar Høl.

På regjeringa si nettside skriv Utanriksdepartementet (UD) at “sikkerhetssituasjonen i Afghanistan er svært utfordrande. Det skjer hyppige angrep og det pågår sikkerhetsoperasjoner i størstedelen av Afghanistan. I tillegg er det mye alvorlig kriminalitet.”

Til tross for UD sin klare beskjed og fråråding får 70% av alle afghanske asylsøkarar i Noreg avslag på asylsøknaden sin. Mange av desse er einslege mindreårige asylsøkarar. Under flyktningkrisa i 2015 kom det mange einslege mindreårige asylsøkarar frå Afghanistan til Noreg. Dei fleste av desse kom i haustmånadane. På grunn av mangel på papir og fødselsattest fekk dei oktober som fødselsmånad og derav namnet ”oktoberborna».

Oktoberborna fekk midlertidig opphaldsløyve og skulle i høve til praksis bli returnert til Afghanistan når dei fylte 18 år. I oktober 2017, 2 år seinare, risikerer difor 130 afghanske gutar å bli returnert til eit krigsherja land.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner norske myndigheiter må stanse retur til Afghanistan til det er avklara om det er trygt å returnere.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil difor at Arbeidarpartiet si stortingsgruppe skal følgje desse punkta i handsaming av returtilfelle:

● Dei einslege mindreårige asylsøkarane frå Afghanistan, også omtalt som Oktoberborna, skal få sakene sine revurdert og individuelt behandla.

● Dersom utanriksministeren ikkje raskt kan godtgjere at det er trygt å returnere desse asylsøkarane til Afghanistan skal retur stoppast fram til det er sikkert å returnere.

● Ved retur og deportasjon av mindreårige skal forsvarleg omsyn til barnet sitt beste, tilgang på eit nettverk, og sikkerheitssituasjonen i returlandet leggast vekt på.

● Returavtale skal berre inngåast med legitime regime. UNHCR si anbefaling skal vektleggast og mottakarlandet må gje tilfredsstillande forsikringar om ein forsvarleg situasjon for dei som skal returnerast.

● Sogn og Fjordane Arbeidarparti forventar at stortingsgruppa samarbeidar med opposisjonen om å danne eit fleirtal som stettar landsmøtet si klare forventning om å få ned bruken av midlertidigheit til eit absolutt minimum.