Møte med Helga Pedersen om kommunereforma

Førstkommande tysdag kjem nestleiar i kommunalkomitèen, Helga Pedersen, til Førde. Tema er naturleg nok kommunereforma.

original_1478638738_260443

Tysdag mellom kl. 10 og 13 vil våre ordførarar, gruppeleiarar og andre tillitsvalde få drøfte kommunereforma med Helga på Scandic Sunnfjord Hotell.
Helga vil informere om Stortinget sitt arbeid med reforma og ta imot innspel og synspunkt frå våre tillitsvalde.
Det har vore eit ønskje om eit slikt møte frå våre tillitsvalde, så dette ser vi fram til.