Lik løn for likt arbeid

Hilmar Høl

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Ap krev at det vert innført ei ny lov om forbod mot å løne menn høgare enn kvinner i likt arbeid. - Ei lov om likelønn vil kunne bidra til at lønsforskjellane mellom kvinner og menn kan bli historie, seier fylkesleiar Hilmar Høl. I Norge var det hausten 2017 debatt rundt lønsforskjell mellom kjønna i norsk idrett, og på de norske landslaga i fotball. Det heile enda med at fotballherrane godtok lønnskutt, for å sikre at kvinnene frå i år får like mykje i landslagslønn.

Her til lands tener menn meir enn kvinner i både private og offentlege selskap, kommunen og i staten som heiltidstilsette, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

I 2016 var heiltidstilsette kvinner sin gjennomsnittlege månadsløn 87,5 prosent av menn sin månadsløn. Dette trass i at kvinner i Norge har langt høgare utdanningsnivå enn menn.

Islandske bedrifter og offentlege arbeidsplasser med minst 25 ansatte, må kunne dokumentere overfor myndigheitene at dei har ein korrekt lønnspolitikk. Klarer dei ikkje det, kan dei bøteleggast.

-Den islandske ordninga kan samanliknast med miljømerking, omtrent som å få Svane-merket. Likestillingslandet Norge må følgje det islandske dømet, seier fylkesleiar Høl..