Ja til intensjonsavtale mellom Sogn og Fjordane og Hordaland

Fylkestinget handsamar i dag intensjonsavtalen med Hordaland i høve regionreforma. Ap seier ja til denne avtalen og her kan du lese fylkesvaraordførar og gruppeleiar Åshild Kjelsnes sitt innlegg i fylkestinget.

No er vi midt i 2. omgang av matchen om regionreform Det er litt sprik i laget med omsyn til taktikk i punkt 1 i kampoppsettet. Like fullt er det med framlegg til punkt 2 i Fylkesutvalet i gårsdagens oppvarming full tilslutning til vidare strategi og kampopplegg.


Dersom denne tilrådinga står seg, og det håpar eg for alles del at den gjer fylkesordførar, så leverer fylkestinget i Sogn og Fjordane ei lissepassing til Storting og Regjering som legg godt til rette for at de kan skyte si eiga regionreform trygt i mål.
Saman med Hordaland har vi gjort jobben vår i matchen som sentrale styresmakter sette i gang. Vi har gjort jobben seriøst frå A til Å, vi har invitert alle naboane, og vi har tatt praten med dei som ville spele med oss, vi har forhandla i to rundar der Hordaland og Sogn og Fjordane har stått løpet ut og med dagens vedtak er vi tydelege på at vi har tatt ballen, vurdert situasjonen, gjort våre nødvendige trekk og no legg vi til rette for å levere ballen tilbake der han høyrer heime, slik at mål kan bli scora.

No er det opp til Regjering og Storting å levere i sin eigen match. La det vere heilt klart det er opp til dei om dei skal få ei vellukka regionreform med eit sterkt folkevald regionalt nivå. Intensjonsplanen er utvikla mellom to kjende nabofylke i respekt for kvarandre. Begge partar har gitt og tatt og intensjonsplanen framstår no balansert og eg vil påpeike det som vart sagt før forhandlingsmøtet mellom partane midt i januar – at målet måtte vere at begge fylke skulle vinne noko når forhandlingspartane gjekk frå tre til to.
Det meiner eg Hordaland og Sogn og Fjordane gjennom forhandlingsmøtet har oppnådd, og frå Arbeiderpartiet si side er vi er heilt klar på at vi tek stortingsfleirtalet på alvor.
Vi vil godkjenne avtalen og legge til rette for at våre innbyggarar skal vere best mogeleg rusta inn i ei reell regionreform. Intensjonsplanen er tydeleg frå innleiinga der ein understreker både vilkåra om krav til overføring av ansvar og oppgåver til føresetnaden om at regionreforma fører til at tal folkevalde regionar vert om lag 10/ ei reell regionreform. Den er tydeleg gjennom kapitella som omhandlar avtalane fylka imellom og ikkje minst er den tydeleg i avslutninga i kapittel 10 på kravet til staten om oppfølging på oppgåvesida både som forvaltar og samfunnsutviklar og på framtidige grenser for regional stat, der vi er samde om at leiinga hos Fylkesmannen skal plasserast i vårt område.
Dette er krav til spelereglane sentrale styresmakter har signalisert i sitt oppsett.

Intensjonsavtalen fortel at vi forlangar å bli tekne på alvor som regionalt folkevald nivå. Vi har tatt ansvar med å legge til rette for eit nytt Vestland som skal komme innbyggjarane våre til gode i åra som kjem. Eit Vestland som pr no vil vere den nest største regionen i landet i folketal. Eit Vestland med spisskompetanse i verdsklasse i viktige næringar, eit Vestland med skuletilbod i Norgestoppen der Sogn og Fjordane skal vidareføre dette for distriktskulane i heile den nye regionen for å nemne noko.
Det er eit Vestland der vi gjennom avtalen har sikra innbyggjarane i vårt område dei verdiar som gjennom generasjonar er skapt her. Det har vore mogeleg gjennom den forståing Hordaland har vist for det faktum.

Denne intensjonsplanen er eit sikkerhetsnett som er viktig for innbyggjarane i Sogn og Fjordane.
Eit stortingsfleirtal har sagt at det vert ei regionreform med betydeleg reduksjon i tal fylke. Vi har forhandla fram ein intensjonsplan som sikrar at våre verdiar, vår kompetanse og våre arbeidsplassar vil ha ei framtid i det nye bildet. Dersom vi seier nei til denne avtalen, slik m.a. Senterpartiet signaliserer i sitt punkt 1 i framlegg til vedtak, og fleirtalet i Stortinget gjer det dei har sagt dei skal gjere vil ikkje Sogn og Fjordane få fortsette som eige fylke. Då vil vi bli samanslått, kanskje delt mellom andre fylke og våre verdiar, arbeidsplassar og kompetanse renn mellom fingrane våre ut av vår kontroll.

Det betyr ikkje at vi ikkje er einige i kritikken mot sentrale styresmakter for rekkefølgja dei iverkset reforma på. Dei har gjort det tungt for seg sjølv, men det er ikkje vi som har posisjon til å definere spelereglane. Det forheld vi oss til, og utan intensjonsplanen har vi ingen kontroll på fylket si framtid verken når det gjeld tilbod eller verdiar som vi sit på idag. Det er ein stor risiko for våre innbyggjarar og våre verdiar som ein då tek.

Arbeiderpartiet er eit ansvarleg og framtidsretta parti. Derfor seier vi i dag ja til intensjonsplanen for å sikre oss ei hand på rattet og ein best mogeleg posisjon for folket i denne regionen. Eg håpar eit breitt fleirtal i Fylkestinget gjer det same. Då har vi plassert ballen der den høyrer heime hos sentrale styresmakter og skal dei ha truverde må dei score mål.

åshild