Ja til forlenging av låneavtale for Opplæringsfartøy A/S

Fylkestinget sa i går ja til forlenging av låneavtale for Opplæringsfartøy A/S. Dette er eit viktig selskap for den marine og maritime utdanninga i Sogn og Fjordane. Her kan du lese innlegget til fylkestingsrepr. og medlem i opplæringsutvalet, Henrik Oppen, i saka:

original_1478641302_9021256

Opplæringsfartøy AS er eit viktig selskap for den marine og maritime utdanninga i Sogn og Fjordane. Det å ha eit eige opplæringsfartøy er viktig for heilskapen kring tilbodet som er gitt ved Måløy vgs og ved Fagskulen. Betydninga av å kunne tilby utdanning i eige fartøy vart vektlagt når FT i 2012 handsama praksisopplæringa for elevar i marin og maritim sektor i Sogn og Fjordane.

Ei forlenging av låneavtalen slik det går fram av tilrådinga er etter Ap sitt syn rett utfrå fleire grunnar. Økonomien i selskapet er betra siste åra, men framleis pressa. Eit vedtak som tilrådd vil bidra til balansert drift framover.

Så pågår det eit arbeid med mål å få realisert eit nytt fartøy. Skulebas er etter kvart ein gammal båt ( over 40 år ) og treng avløysing for at ein skal kunne gje opplæring som er godt tilrettelagt framtidig behov. Det er og slik at det vert arbeidd innafor eit tidsvindauge i høve Skulebas sin neste hovudklassing, som kjem i 2019.

Havrommet med marin og maritim næring er område der utviklingspotensiale er stort. Å kunne drive ei framtidsretta god utdanning på desse felta vil vere viktig for kysten og Sogn og Fjordane. For Ap er det viktig å få realisert eit nytt opplæringsfartøy tilrettelagt mot framtidas drift innafor havbruk og fiskeri og maritime fag, og som då vil vere ei viktig brikke i utdanningstilbodet som FK driv i Måløy. For Ap har det difor og vore viktig å få fram løyving av fylkeskommunale midlar stort 200 000.- gjennom næring og kultur for prosjektering og kostnadsberekning av eit nytt fartøy.

Når det pågår eit arbeid med mål om å få på plass eit nytt fartøy næraste åra, er det etter vårt syn rett å forlengje avtalen til selskapet slik tilrådinga viser. Det vil gje rom for selskapet til å fortsetje ei god drift som har vore dei siste åra.