Ingrid Heggø sin tale i Førde

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø heldt 1.mai tale på eit godt besøkt arrangement i Førde. Hovudtema i talen hennar var trygge jobbar - nytt fleirtal Her kan du lese heile talen til Ingrid:

Kjære alle saman Gratulerar med dagen. Det er veldig bra at Førde no har etablert markering av 1.mai som tradisjon. Her står vi skulder ved skulder for ein ny retning for landet vårt og også for å vise internasjonal solidaritet. -Tenk om Einar Gerhardsen hadde sagt at den økonomiske situasjonen etter andre verdenskrig – Den var så vanskeleg at me ikkje kunne skapa arbeid til alle. - Tenk om Trygve Bratteli, under oljesjokket på syttitalet, sa at - dette kan me ikkje gjera noko med. -Tenk om Gro i møte med jappetid og bankkrise sa at «dette styrer markedet best selv»

Men Gerhardsen- Bratteli- og Gro dei sa: Arbeid til alle- er jobb nr ein. Og det same sa Jens Stoltenberg ,då den største finanskrisa på over 80 år traff Europa. No seier Jonas det same: Alle skal med og arbeid til alle er jobb nr ein. Alle her forstår kvifor eg dreg fram slike eksempel - dette handlar om at vi- at Norge fortenar ei regjering som evnar å prioritere dei viktigaste tinga først -som vil ha eit samfunn med mindre forskjellar- ikkje meir som meinar at alle skal ha like muligheiter- som meinar ein god offentleg skule for alle og trygg eldreomsorg er viktigare enn skattelette for dei rikaste - Ei regjering som set arbeid for alle først- som vil at folket skal ha tryggheit for eit arbeid, men også tryggheit i arbeid. ***

I år er det 130 år sidan Arbeidarpartiet blei stifta. For 130 år sidan såg fagforeiningsfolk at kampen for rettferd, like rettigheiter og moglegheitar måtte kjempast på den politiske arenaen, ikkje berre på arbeidsplassen. I dagens verd ser vi mange teikn til at mange har mista trua på at den politiske vegen nyttar- spesielt blant unge. Dette er alvorleg. Me lever i ei tid med større usikkerheit. Mange er urolege for utviklinga i vår del av verda. Krig og konflikt pregar landa i Europa sitt nabolag. Og folk flyttar på seg. Bare i 2015 kom det 1.2 millionar menneske til Europa. (Samtidig er det europeiske samarbeidet under press. Storbritannia skal forlata EU. Sivilisasjonskonflikt med islam er trekt opp som hovudtema ved vala i Nederland og Frankrike.) Me ser ein sterk allianse av høgreparti og høgrepopulistar i land rundt oss. Grupperingar som spelar på frykt og splitting i møte med aukande migrasjon. I mange land som er nære oss ser me at fagrørsla si rolle blir svekka, og stadig fleire arbeidsfolk står aleine . Ulikskapen aukar. Ungdom opplever å ha dårlegare framtidsutsikter enn det foreldra deira hadde. Tilliten til at politikken kan skapa gode rammer for folk sine liv er synkande. Dette er strøymingar som også har nådd Norge. Vi er ikkje skåna for desse trendane. Også i Norge er mange arbeidslause. Særleg rammar det unge. Unge som droppar ut av skulen, eller som blir uføre, og då i alt for ung alder. Unge som ynskjer å jobba, men som ikkje får ein sjanse. Fordi det nesten ikkje har blitt skapt nye jobbar under denne regjeringa. I fylket vårt er det ikkje dei store arbeidsløysetala, men det gjer det nesten verre for dei som er utan arbeid. Det er lett å miste motet og sjølvkjendsla når ein møter arbeidsløysa, er eg ikkje god nok ? Kvifor treng ingen meg ? Vi må aldri- aldri- gje opp kampen mot arbeidsløysa. Uføre med restarbeidsevne – her må vi sette inn eit krafttak slik at ein kan delta i den grad ein er istand til det. Få tilhøyrigheit – vera ein del av fellesskapet. Vi skal ha eit samfunn der alle skal med. Når vi har ei regjering som ikkje evnar å skape arbeidsplassar, som ikkje kan seie korleis vi skal finansiere gode skular, godt helsevesen og ein trygg alderdom framover - men som er klokkeklare på at dei rikaste fortsatt skal få skattelette. Ja, då vil forskjellane fortsette å auke. Mellom folk, og mellom folk i ulike deler av landet. Det er alvorleg i seg sjølv. Først og fremst for dei det gjeld. Men det er også alvorleg for samfunnet. For arbeid er også avgjerande for den felles velferda vår. Me må skapa for å kunna dela. Me veit at talet på menneske over 70 år i landet vårt skal doblast dei neste 30 åra. Det legg eit stort press på velferdssamfunnet.

Vi må evne å prioritere- mellom skule og ein trygg alderdom på den eine sida eller skattelette på den andre sida- Vi må og evne å prioritere om det gjeld stamvegar mellom aust og vest- eller rassikringsmidlar også. Alle parti her i fylket sa i forrige valkamp at å skape nye bu og arbeidsområder var viktig- trygge vegar var viktig. Nokre skulle ikkje ha bompengar, men det var før dei kom i regjering. Eg står for det eg sa og Arbeidarpartiet vil omprioritere rassikringsmidlane for å få ein trygg arbeidsveg og skuleveg mellom Førde-flora. I tillegg til at RV 5 er sterkt traffikert så er den veldig rasutsett. Noko som bør vera avgjerande i slike prioriteringar. Eg står og for at midlar til sjukehus er viktigare enn skattekutt til dei rike. *** Fylkets største offentlege arbeidsplass- sentralsjukehuset har omlag 1700 årsverk her i Førde. Nå har Frp/H med støtte frå Krf og V ,endra reglane slik at dei gjer det meir økonomisk attraktivt å kjøpe tenestene istadenfor å ha eigne tilsette. Nå er det støttetenestene som feks -reinhold, kantine, økonomi, drift og vaskeri som er sett i spel. Regjeringa opnar med andre ord for at private multinasjonale konsern med gode muligheiter til skatteplanlegging – dei skal bli finansiert med våre skattepenger ,medan dei tilsette fort kan miste jobbane sine. Sjukehusa treng kompetente, faste tilsette som er ein del av det store bildet og ikkje verte utsett for sosial dumping. Utan godt reinhold- ingen operasjon. Så enkelt. 

Les ein programma til Frp og Høgre skal det bli meir privatisering. Kjære venner vi vil ikkje ha fire nye slike år. *** Noko av det eg reagerte mykje på i førre stortingsvalkamp var dette stadig tilbakevendande temaet om at lærarane våre ikkje var gode nok. Dei måtte oppgraderast og skulerast. Der var hovudfokuset- nå har eg til gode å møte nokon som seier at oppveksten min hadde vore mykje betre viss eg berre hadde hatt ein lærar med fleire studiepoeng. Eg er sjølvsagt ikkje imot godt utdanna lærarar, men læraren må få tid til å vera lærar- og tid til elevane sine. Vi må få tidleg innsats alt i barnehagen,ikkje så seint i undervisningsforløpet at eleven har gitt opp. Kvifor ? vi har ikkje råd til å miste ein einaste elev. Det er eit tap for den enkelte og familien- men også for samfunnet.

Vi som er her vil ein annan retning- eit anna vegval for Førde-for fylket og for landet. *** Arbeidarrørsla sitt fridomsbegrep strekker seg ut over landet sine grenser. Det omfattar ikkje berre oss her heime, men er ei internasjonal solidaritetsrørsle.

I år er det femti år sidan Israel sin okkupasjon av Palestina starta. Den palestinske befolkninga lid under okkupasjonen. Ein heil generasjon har vokse opp i utryggleik. Vår melding er klar: Okkupasjonen må ta slutt! Det må bli ei fredelig løysing der målet er at to stater kan leve side om side. Ei fredeleg løysing på konflikten stiller krav til begge partar. Det må bli slutt på rakettangrep og terroranslag mot Israel frå palestinsk side. Men Israel må bera eit tydelegare ansvar for befolkninga dei held under okkupasjon.

Historia om arbeidarrørsla er på mange måtar historia om Norge. Historia om korleis me gjekk frå å vera eit fattig land med store klasseforskjellar, til å bli eit moderne, velståande land med jamn fordeling og fridom for det enkelte mennesket. Det er eit frigjeringsprosjekt som me skal vera svært stolte av. Det har handla om korleis fagrørsla, næringslivet, organisasjonar og folk over heile landet skapte den norske samfunnsmodellen. Den raude tråden i vår historie, om å gi meir fridom til fleire, har blitt den raude tråden i forteljinga om Norge.

Kjære vener, Arbeidarpartiet går til val på at alle skal med. Det er kjernen i kva me står for. At alle skal ha like moglegheitar, uansett kven me er og kor me bur. Men også at me stiller krav til kvarandre om at alle skal bidra, at alle må ta ansvar. Fordi alle trengs. Me får meir til saman enn me gjer kvar for oss. Og Me trur på at vi løyser dei store utfordringane best i fellesskap. Arbeidarpartiet er ikkje alltid best på enkeltsakene- vi går nok ikkje langt nok i mange enkeltsaker vil nokre seie, vi kompromissar- vi finn løysingar. Av og til er det og nødvendig. Men vi kompromissar aldri på vårt store fridomsprosjekt- tryggheit for arbeid og tryggleik i arbeid. Mitt ønske for framtidas Norge er at vi evnar å sjå heilskap- framfor dei små enkeltsakene- at både gamal og ung - får tilbake trua på at politikk nyttar- og at fellesskapet sigrar.

Valet 11. september handlar om kva slags Norge me vil ha. Det er eit vegval. Og det er eit verdival. Det er kamp mot Høgre og Frp i ei regjering som aukar forskjellane mellom folk. Brukar pengane på skattekutt til dei rike framfor ein god skule og trygg eldreomsorg for alle. Som sentraliserer og sel Norge. Svekkar samhaldet og fellesskapet som me alle er ein del av. Gjer Norge til eit kaldare samfunn. Me må stå saman som bevegelse. For eit samfunn med små forskjellar og like moglegheitar. Rettferdig fordeling og arbeid til alle. Trygge jobbar, og eit nytt fleirtal for Norge. Takk for oppmerksomheten.

original_1478641296_9297028