Henrik slo eit slag for fag- og yrkesopplæringa

Fylkestingsrepresentant og medlem i opplæringsutvalet, Henrik Oppen, slo eit slag for fag- og yrkesopplæringa i den politiske debatten på fylkesårsmøtet på laurdag. Her kan du lese Henrik sitt innlegg;

Eg vil gjerne få setje fokus på fag- og yrkesopplæringa.

Utdanning av fagarbeidarar er viktig, både for å gje elevane den rette og framtidsretta utdanninga, og å sikre samfunnet sitt behov for arbeidskraft. Innafor fagopplæringa er lærlingordninga sentral. Eg vil setje fokus på tilgangen på læreplassar og inntaket av lærlingar, spesielt innafor offentleg sektor.

Nokre av dei største arbeidsoppgåvene i samfunnet er innafor offentleg tenesteproduksjon, så som pleie og omsorg og oppvekst. At vi får utdanna tilstrekkeleg mange fagarbeidarar, til desse yrkesgruppene i åra framover, er overmåte viktig for å kunne gje eit godt tilbod til brukarar av desse tenestene.

Dersom ein tek utgangspunkt i KS sine mål, seier dei at kommunal sektor skal ha 2 lærlingar pr 1000 innbyggjarar. Nokre kommunar i Sogn og Fjordane når denne målsetjinga i dag, men for andre er det framleis ein veg å gå. Det har siste året vore sett stor fokus på dette og det er gledeleg at det er fleire kommunar som responderer, og aukar inntaket av lærlingar. Men her er framleis ein veg å gå.

Som ansvarleg for den vidaregåande utdanninga, og ikkje minst gjennomføring av denne har Fylkeskommunen eit spesielt ansvar innafor heile utdanningsløpet. Vedtaket i fylkestinget før jul, om at fylkeskommunen skal innfri KS sine mål, og auke inntaket av lærlingar i eiga bedrift, kom etter framlegg frå Arbeidarpartiet si gruppe. Vi meiner dette er viktig, og vi prioriterer dette også i dei nedskjeringstidene fylkeskommunen er inne i.

Fag og yrkesopplæringa er viktig og vi prioriterer denne. Det har gjennom tiår på tiår hatt høg status å ta høgare utdanning. Yrkesfaga har ikkje hatt same status. Vi må framsnakke yrkesfaga. Fagarbeidaren som arbeider nærmast brukarane av det offentlege tenestetilbodet, gjer eit svært viktig arbeid både for brukarar og samfunn. Eit fagbrev må vere like mykje verdt som ein bachelor, og eit meisterbrev må vere like mykje verdt som ein mastergrad.

Så er arbeidet for å få slutt på bruken av ufrivillig deltid ei viktig sak i arbeidslivspolitikken. Offentleg sektor må tilby heile stillingar til dei nyutdanna arbeidstakarane som skal utøve det viktige tenestetilbodet. Det er gjerne ein gammal diskusjon, men i dei mannsdominerte yrkesgruppene har det aldri vorte akseptert med stor bruk av deltid. No må vi også få endra statusen til dei kvinnedominerte yrkesgruppene, og få bort praksisen med bruk av ufrivillig deltid og tilby også dei kvinnedominerte yrkesgruppene heiltidsstillingar.