Gruppeleiaren nøgd med oppstart av virtuell alarmsentral

Gruppeleiar Åshild Kjelsnesdreg i sitt innlegg om justering av budsjettet spesielt fram oppstartløyving til virtuell alarmsentral, men nemner også fleire andre positive saker. Her kan du lese heile innlegget til Åshild.

I år er vel denne saka som på mange måtar er ein formalitet og ei nødvendig justeringssak, både for å synleggjere ein god budsjettdisiplin, og for å synleggjere at det kommande rekneskapet vil bli gjort opp med ryddigheit, disiplin og dekning, er blitt ei kontrastanes sak. Sjølv om summar vert justert opp og ned, og dette er innafor normalen for god budsjettstyring vil eg dvele litt ved nokon av dei minste og nokon av dei største summane som denne saka berører. Den minste summen, som antageleg har ein mykje større rekkevidde enn summen skulle tilsei er kr 300 000,- i oppstartsløyving til virtuell alarmsentral. Frå Arbeiderpartiet si side vil eg sei at sjeldan har vi vore så glad for å motta ein søknad om oppstartsløyvinig. Det har vore arbeidd hardt, målretta og grundig både politisk, fagleg og på tvers av etatar for å hindre at heile det velrenomerte beredskapsmiljøet rundt alarmsentralen og beredskapskompetansen og kunnskapsmiljølet innan denne viktige sektoren skulle bli overført til Bergen i kjølevatnet av politireforma. Mange skal ha ros for sterk innsats her og motkreftene har vore sterke, men det har også medspelarane og dei som har makta å løfte blikket. Det å få mulegheita til å vise med ein pilot at ei virtuell samankopling av alarmsentralane, og dermed høve til å behalde og vidareutvikle spisskompetansen her i fylket, er ein milepæl eg er overbevist om at vil ha overføringsverdi for heile landet. Eg har stor tru på at dette vil bane veg for nye standardar innan beredskapssektoren. Derfor var det ei rein glede å kunne imøtekomme denne søknaden i rekordfart. Dette arbeidet hastar, og det var frå vår side viktig å markere for Statlege styresmakter at dette er ei svært prioritert oppgåve å støtte opp om. Slik kan ein liten sum i eit stort budsjett ha uvurderleg betydning i ei justeringssak på eit desemberting.

Den neste summen eg vil dra fram er 1,4 mill i post 5201 Pedagogiske fellesutgifter. Denne summen vert dregen inn som følgje av at behovet for omstillingsmidlar syner seg mindre enn ein har budsjettert med i 2016.
Kvifor er det noko å trekke fram?
Frå AP si side vil eg trekke fram denne summen fordi dette er eit bevis på at ein i samband med skulebruksplanen gjorde nokre kloke grep. Ein satte av ein relativt stor pott til omstillingsmidlar innan sektoren slik at ein skulle vere rusta for å møte utfordringane ein venta seg som konsekvensar av endringane vedtaka i skulebruksplanen ville medføre for personalet. Tillitsvalde, tilsette, leiing fekk dermed høve til å jobbe i ein tryggare setting for å gjere dei grep som var nødvendige. I tida etterpå at det vist seg at ikkje alle omstillingar vart like omfattande for personalet, ein har funne god løysingar i dialog og med rammer til å kunne gjere gode vedtak frå oss som arbeidsgjevarar. Difor er symbolet med at ein kan sei ein har 1,4 mill til overs i pedagogiske fellesutgifter viktig. Nettopp denne måten å jobbe på i omstilling har også i forhandlingane om intensjonsplanen vore trekt fram som nyttig lærdom å ta med seg inn i regionreforma og dei omstillingar som vil komme der. Det tykkjer eg vi skal ta med oss på kontoen for positive innspel i prosessen.

Fjord Invest såkorn får i denne saka ein auke på 5 mill i kapitalauke. Det er nødvendig for at dette fondet framleis skal vere ein viktig aktør som tilretteleggar for ny næringsverksemd. Denne situasjonen viser med all tydelegheit at fylkeskommunen er ein viktig samfunnsutviklar, ein viktig utviklingsaktør for næringslivet. Men den viser også at fylkeskommunen må ta ei rolle som mange andre fylkeskommunar ikkje treng å fylle på same måte. Det er ei utfordring at det er så få kapitalmiljø i privat sektor som er villige, og som har økonomiske musklar til å ta den risiko det er å gå inn i tidleg fase prosjekt. Det er ein av akilleshælane til Sogn og Fjordane. Denne synleggjer også med all tydelegheit kvifor regionale utviklingsmidlar er så viktige og kvifor det er så avgjerande at vi har ei regjering som er opptatt av at verktøykassene skal vere velutstyrte.

Den siste summen eg vil trekke fram er den som skapar dei store kontrastane i saka, nemleg 282 mill som delsum frå salet av Fjord1. Dette er den store og markante summen som vert avsett til det fondet som Sogn og Fjordane har høve til å bygge opp og nytte i vårt lokalområde i ein ny region. Det er nok mange som alt har tankar og draumar om korleis desse midlane skal nyttast til å investere i infrastruktur eller brukast til utviklingsprosjekt i åra som kjem. Men eg vil minne om alternativet til dei som drøymer om aleinegang i regiondebatten – det er å betale ned ei tyngande gjeld som Sogn og Fjordane ber på. Det er ikkje rom for både og.

Før eg avrundar vil eg minne om den viktige rolla fylkeskommunen har innan plan og utviklingsarbeid. Vi har nettopp vedteke planprogram for strategisk plan for kysten. Planmidlar som var løyvd dette året, vil måtte nyttast neste år. Frå Ap si side meiner vi det er utruleg viktig at vi saman med kystkommunane greier å lage ein plan som vil leve opp til namnet, nemleg å vere strategisk. Det vil ha innverknad for utviklinga av dette fylket i dei kommande 10 åra uavhengig av regioninndeling. Mi oppleving av å vere tilstade på møtet om Kystvegen førre veke understreker dette. Vi står ovanfor ei formidabel utfordring uavhengig om det vert Fv eller Rv skilt på kystvegen mellom Ålesund og Bergen. At eit samanhengande vegsamband langs kysten vår er avgjerande for vekst og verdiskaping i dette område er heva over tvil.
åshild02