Gratulerer med kvinnedagen!

I dag er det den internasjonale kvinnedagen. Vi gratulerer alle kvinner verda over med dagen og legg ved ei helsing frå leiar av kvinnenettverket vårt, Siri Sandvik;

Mot slutten av 1800-talet begynte kvinnene å røre seg. Både kvinnesakskvinner frå borgarskapet og arbeiderkvinner engasjerte seg sterkt for at kvinner skulle få stemmerett. For fire år sidan feira vi at det var 100 år sidan det vart allmen stemmerett i Norge i 1913. For arbeiderkvinnene var det, i tillegg til kampen for stemmerett, kampen for grunnleggande gode levekår som var viktigast i starten. Sunn og god mat til alle i familien. God hygiene. Betre bustader. Gode oppvekstvilkår for barn, med rett til skulegang og avskaffing av barnearbeid. Og bekjemping av uvettig alkoholbruk.

Alt tidleg på 1900-talet starta abortkampen. I 1917 henvende Drammen Arbeiderparti si kvinneforening seg til Stortinget og ba om at abortlova måtte endrast. Dei nådde ikkje fram i starten. Alt i 1924 kom det første mødrehygienekontoret i Oslo. Men det var først i etterkrigstida at diskusjonane om prevensjon skaut fart, med Ap og Krf som motpolar. Abortlova vart justert fleire gonger, før ein i 1978 endeleg vedtok Lov om sjølvbestemt abort i Stortinget. Dei fleste kvinner og menn har vel trudd at denne lova ville stå seg til evig tid, før vi bråvakna til spørsmålet om reservasjonsrett vinteren for tre år sidan.

I 2015 var det 100 år sidan kvinnedagen første gong vart markert i Norge! Det er i seg sjølv verdt ei feiring. Men kva har skjedd på desse drøyt hundre åra? Er vi ikkje snart tilstrekkeleg likestilte her til lands? Treng vi eigentleg å mase noko meir med denne 8.mars no? Til det siste vil eg seie at det treng vi! Sjølvsagt har svært mykje skjedd på hundre år. Norge er faktisk eit av verdas mest likestilte land. Men er det godt nok? I følgje statistikken tener norske kvinner 85% av det menn tener. Kvinner arbeider oftare deltid. Det er færre kvinner i toppleiarstillingar. Det er langt færre innvandrarkvinner i arbeidslivet enn innvandrarmenn. Og det er langt færre kvinner enn menn i lokalpolitikken, for å ta noko.

Sørlandet og Vestlandet toppar statistikken negativt når det gjeld likestilling. Sogn og Fjordane er eit ”tradisjonelt” fylke ved at jenter og gutar vel tradisjonelle kvinne- og mannsyrke. Her i Sogn og Fjordane har vi fleire kvinner enn landssnittet som jobbar deltid. Vi har også færre kvinner med høgare utdanning. Vi har svært få kvinnelege ordførarar, berre 15%, mot nærmare 30% i landet samla. Det er også eit ansvar vi har som innbyggjarar og medmenneske å kunne sjå ikkje berre utanfor eiga stovedør, men også utanfor eigne landegrenser. Slik at kvinner kan tore å heve stemma, å ta plass, og å bli høyrt. Slik at kvinner kan få ta utdanning, få ta arbeid, og kunne klare seg utan å vere avhengig av ein mann. Slik at kvinner kan ha kontroll over eigen kropp og seksualitet, utan å verte utsette for makt og overgrep berre fordi dei er kvinner. Vi må engasjere oss også for desse kvinnene sine rettar. Likestilling og kvinnekamp er i høgste grad også solidaritet.

Eg vart nyleg mint på ein tidlegare episode av Skavlan, der Celina Midelfart og Gro Harlem Brundtland var gjester, og der tema var feminisme. Celina sa ho aldri hadde opplevd å bli diskriminert, difor var ho ikkje feminist. Gro sa at då ho var 15 år hadde ho heller aldri opplevd å bli diskriminert, men då oppdaga ho at det var andre som vart diskriminerte, og då vart ho feminist. Dette er kanskje grunnleggande forskjellar mellom høgresida og oss sosialdemokratar.

I dag er det 8.mars. Eg deltek i markeringar for fjerde gong i mitt liv, den første var for tre år sidan. Det er svært mange gode grunnar til det. Mykje av det etablerte har blitt utfordra kraftig dei siste åra, etter vi fekk ei Høgre-Frp- regjering. Endringane i arbeidsmiljølova, med mellom anna meir midlertidig tilsetjing og meir uregelmessig arbeidstid, som i særleg grad vil ramme kvinner. Reservasjonsretten i 2014. Færre barnehageplassar og dyrare barnehageplassar. Auka kontantstøtte. Og redusert pappaperm. Og så er det vald mot kvinner – så mykje som kvar fjerde norske kvinne opplever vald eller truslar om vald frå ein mann dei stolar på. Kampen for likeløn. Og altså solidaritet.

Dette viser at vi ikkje kan slappe av. Vi skal vere bevisste på verdien av likestilling, og kor bra det er for storsamfunnet at også kvinner er synlege, tydelege og tek posisjonar. Og at menn kan prioritere barn og familie i større grad. Det at så stor andel kvinner er i arbeid, er den aller viktigaste årsaka til at Norge er eit så rikt land, endåtil viktigare enn oljen. Likestilling er ikkje noko vi har eller noko vi får. Likestilling kjem ikkje av seg sjølv. Likestilling er derimot noko vi må vere bevisste på, opptekne av og arbeide for heile tida. Vi som er vaksne har eit stort ansvar for å formidle gode haldningar til dei som er unge, til våre døtre og søner, slik at vi saman kan arbeide for at Norge og resten av verda vert enno meir likestilt i framtida.

Så gratulerer med den internasjonale Kvinnedagen, for likestilling og for solidaritet!
Siri Sandvik er leiar i kvinnenettverket i Sogn og Fjordane AP