Fylkesårsmøtet er i gong.

Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane AP er i gong. Totalt er ca 160 delegatar, gjestar og observatørar på plass. Her kan du lese fylkesleiar Hilmar Høl sin tale til årsmøte:

Kjære kameratar, gjester og andre!
Kjære Ingvild…………. Velkommen til S&F. Eg må sei at det er ei glede å få vårt distriktspolitiske alibi isentralstyret til vårt fylkesårsmøte.

Arbeidarpartiet går til val på at Alle skal med. Det er kjerna i kva me står for. At alle skal ha like moglegheiter, same kven me er og kor me bur. Men òg at me stiller krav til kvarandre om at alle skal bidra, at alle må ta ansvar. Det handlar om tru på fellesskap, at me får til meir saman enn kvar for oss. Me har ei regjering som ikkje gjer det som er naudsynt for å gjera Norge trygt i ei uroleg tid. For oss er det sjølvsagt: Arbeid til alle, i eit seriøst og organisert arbeidsliv, er ei hovedsak for oss.
Arbeid kjem til å være vår viktigaste sak. Me veit kor viktig arbeid er for den enkelte – og for samfunnet. Eg gjentek det fordi Frp/Høgre regjeringa har vist at det ikkje er ei sjølvfølge at dette er hovedsak for einkvar regjering i Norge – sjølv ikkje i nedgangstider.
Få politiske område der skillelinjene mellom høgre- og venstresida er tydeligare; noko som debattene om den auka arbeidsløysa, og svekkelsane av arbeidsmiljølova har vore eksempel på. • Oppgåva - den handlar om 3 ting: 1. Tryggheit for arbeid; få arbeidsløysa ned og bidra til at det blir skapt nye jobber. 2. Tryggheit i arbeid; eit arbeidsliv med faste, heile jobbar, og ein kraftigare innsats mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. 3. Og nøkkelen for å lykkes med begge deler er Kompetanse

Kva gjer regjeringa?
• Frp/Høgre regjeringa har eit forferdeleg vitnemål å visa til innan arbeids- og næringspolitikk: • Me har framleis høg ledigheit på Vestlandet • fallande sysselsettingsgrad, • fleire mellombels tilsette og færre faste. • Regjeringa manglar politikk for å møta den aukende arbeidsløysa. • Dei seier dei driv med omstilling – men omstilling handlar ikkje om å legge ned arbeidsplasser – den handler om å skapa nye! • Arbeidsløysa er framleis rekordhøg! Det må ikkje få bita seg fast. • Regjeringa skal målast på resultat - og resultata innan arbeids- og næringspolitikken er forferdeleg svake. • Å prioritere rett handlar om at skattekutta til regjeringa har minimal sysselsettingseffekt, samanlikna med målretta satsing over offentlege budsjett.
Ei Frp/Høgre regjering aukar skilnadene mellom folk og bruker pengane på skattekutt til dei rike framfor eldre og skule for alle. FrP og Høgre sentraliserer og sel landet. I sum gjer det Noreg til eit kaldare samfunn.

Arbeidarpartiet meiner at vi løyser dei store oppgåvene best saman. Skal vi sikre arbeid, moglegheiter og tryggleik for alle, treng vi meir fellesskap, ikkje mindre. Derfor treng Noreg ei ny Arbeidarparti-leia regjering.

Fredag vart det klart at regjeringa slår saman fylkesmannsembeta for Sogn og Fjordane og Hordaland. Samtidig vart det slege fast at Sogn og Fjordane var «heldige» som fekk behalde dei kontorstadane og arbeidsplassane som vi allereie har i dag. Det er sjølvsagt bra at vi ikkje mistar arbeidsplassar, men det skulle berre mangle. Det må vere grenser for sjølv denne regjeringa si sentraliseringsiver. Regjeringa tok ikkje stilling til kor sjølve embetet skulle lokaliserast. Kor Fylkesmannen skal leiast frå. Det skal bestemmast når stillinga som fylkesmann for den nye regionen skal lysast ut. Kanskje av ein byråkrat, slik at politikarane ikkje treng å stillast til ansvar for avgjerda.

Det er ikkje godt nok. Fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og i Hordaland er einige i korleis dette skal gjerast. Vi har lagt som eit premiss i intensjonsavtala at Fylkesmannen skal leiast frå Leikanger. Vi må faktisk kunne forvente såpass av regjeringa at dei heidrar den lokale einigheiten og den avtalen som ligg til grunn for regionsreforma. At dei støttar opp under lokal einigheit og det arbeidet som fylkeskommunane har gjort i reforma. Når regjeringa ikkje gjev tydelege signal på at dei ønskjer å følje denne einigheiten, då fryktar eg for korleis dei vil heidre resten av avtalen. Kjem dei no til å følje opp med å legge nye oppgåver og større ansvar til det regionale folkevalde nivået? Kan vi tru på fundamentet for avtalen med Hordaland, når staten ikkje føl opp sin del av avtalen. Er det slik at dei vel ut enkelte delar av avtalen for å skrote dei som ikkje passar dei sjølve? Ein må spørje seg kvifor dei vel å følgje dei lokale avtalane i Trøndelag, men at dei dreg så mykje på det når det gjeld Sogn og Fjordane. …….Difor føresler eg no eit dagsaktuellt framlegg og håpar på årsmøtet si støtte……….

Sogn og Fjordane Arbeidarparti krev at leiinga av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Hordaland vert lokalisert til Leikanger. Ei fordeling av funksjonar og offentlege arbeidsplassar mellom dei to fylka har vore eit viktig forhandlingspunkt i intensjonsplanen for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. Vi forventar at regjeringa heidar denne avtalen og byggjer opp om den lokale einigheita mellom fylka i regionreforma. Det er ei viktig føresetnad for å lukkast med målsettingane at heile regionen vert teken i bruk. Avtalen sikrar ein balansert fordeling av kompetansearbeidsplassar i den nye regionen.
Leikanger har eit etablert og kompetent fagmiljø for offentleg forvaltning. Arbeidsplassane i Leikanger er viktige bidrag til ein solid og variert arbeidsmarknad for heile Sogn og Fjordane. Kjære årsmøte……………Dette er eit nytt døme på at Sanner og FRP/Høgre regjeringa kjem med stadige fallitterklæringar i refomiveren sin. Dette er det åpenbare beviset på at regjeringa ikkje tenker å bruke regionreforma til noko som kjem S&F tilgode. For min eigen del…………..og eg ansvarleggjer ingen av dykk andre i salen…………så kan dei skyta ei kvit pil i retning av truverdigheita til regjeringa , og regionreforma…………….dette er det som får begeret til å renne over for min del.

S&F Ap har vore konstruktive i heile intensjonsavtale-prosessen. Me har imøtekomme regjeringa på nabopraten, og fått ein god avtale med våre naboar i Hordaland. No torpederte Frp/Høgre regjeringa ein avtale som var god for begge partane. Difor vil eg og nytta høve til å be om følgjande formulering som S&F Ap følgjer opp i høve Arbeiderpartiet sitt landsmøte og programmet: «Staten i hele landet»

Arbeiderpartiet meiner den statlege lokaliseringspolitikken skal medverke til ein fordeling av statlege arbeidsplasser som bidreg til vekst og verdiskapning i heile landet. Målet med lokaliseringspolitikken er å styrke regionale arbeidsmarknader, og at ein vel lokalisering der arbeidsplassane vil ha størst potensial til å bidra til utvikling i regionen. Vi vil bruke dei moglegheitene digitaliseringa gjev til å desentralisere framfor å sentralisere. (sitat slutt) …………… me må styrka distrikta si betydning i nasjonalpolitikken.

Mykje av grunnlaget for norsk verdiskaping ligg i distrikta. Sjølv om primærnæringene sin betydning for sysselsettinga er sterkt redusert over år, har Norge framleis ein råvarebasert økonomi. Basisen for viktige nasjonale verdiskapingssystem ligg i våre maritime tradisjonar, og i råvareuttak langs kysten, i fjordane og på innlandet, i skogen, på innmarka og i utmark.

Våre tyngste industrielle klynger er lokalisert på plassar der forholda ligg spesielt godt til rette, og kor det er utvikla spesiell kompetanse. Desse regionale næringsklyngene står for ei vesentlig del av valutainntektene, og fleire av dei har utvikla ein sterk internasjonal posisjon. Dette er avgjerande for at Norge skal framstå som attraktivt i den internasjonale konkurransen om kompetent kapital og arbeidskraft, og for vidareutvikling av norsk økonomi.

Regionar som skal utvikle styrke og konkurransekraft må dyrka sine særtrekk……….og dette er og Sogn og Fjordane ,kjære venner……. Våre primærnæringar og naturgjevne forutsetningar må vere vår basis for vidare utvikling i fylket…………… Landbruk, sjømat, olje og gass, mineral, kraft, industri, grundarsatsing, Kunnskapsparken sitt gjeve arbeid, og Teknocampus Førde ……… Alt dette vil ………også må me sjå dette i samanheng og knyta til utdanningsinstitusjonane våre, der VGS, fagskule, Høgskule og FOU må koblast meir til aktivitatane i fylket og regionane.

Me må ha meir fleksible tilbod som er forankra i dei sterke kunnskapsmiljøa omkring i fylket…………… og det er ikkje få. Dette må me våga å sei noko om. Me nærmar oss for alvor den verkelege valkampen, og S&F Ap går til val for å få to på tinget. Både Ingrid og eg er i kampmodus. Nokre manar til at dette blir ein kamp mellom Ap og SP…………men Ap sine hovudmotstandarar er FrP/Høgre regjeringa. Dei skal byttast ut. No står mykje på spel. Fire år med Høgre og FrP er for mykje – åtte år alt for mykje.

Me treng ei Ap-styrt regjering der SP er på laget………og sjølv om SP brukte tid til å kritisere S&F Ap sin ståstad i regionspørsmålet………..så har eg ikkje tenkt å nevna med eit einaste ord at fylkesleiaren i SP jublar for kommune-samanslåing i Nordfjord, til tross for at han er i mot, og at fylkesordføraren frå SP ber ordføraren i Leikanger om å ikkje motsei seg tvang, til tross for at SP er imot det………………som sagt så skal eg vil ikkje nevna det med eit ord. Me er på same lag…………………La oss sei at me er einige om å vere ueinige i nokre saker………….men formelen er klar …….skal me få to på tinget så er betingelsane dei same for SP og Ap…………Bli det største partiet og ha 2,14 ganger meir stemmer enn Høgre.

Difor treng me alle gode krefter på laget vårt. Difor må me synleggjera ein politikk for heile landet………….. For oss har kontakten med fagrørsla heile tida hatt fyrsteprioritet, fordi fagrørsla er «kvardagens ekspertar», og me har erfart at når samarbeidet fungerar så har me oppnådd fantastiske resultat. Desse to greinene av arbeiderrørsla – den faglege og politiske – har utvikla sine verdiar og sin ideologi i tett forankring med kvarandre og evna til å omsetta visjonar i praktisk politikk. Dette samarbeidet blir viktigare og viktigare i åra som kjem. Skal me vinna valet , og i S&F, så må me ha LO, og fagrørsla med oss……….så Nils og Ralf…….eg lovar dykk at S&F Ap ikkje kjem til å svikta LO. Tvert i mot…….dykkar kamp er vår kamp ,og i felleskap skal me vinna valet i 2017.

For oss er AUF sjølve symbolet for politisk arbeid og påverknad. AUF i Sogn og Fjordane sluttar aldri å overraska oss. Faktum er at «den unge raude arme» er så viktig for oss og for valget. Det er ikkje å legge skjul på at AUF er eit av våre viktigaste suksessfaktorar for valsiger. Med sine vel 500 medlemar som alle er ei støtte for oss…………med AUF ,og lokalpartia, kjem kommunar i fylket til å bli farga raude i heile valkampen…………dei legg ned mykje arbeid………dei ofrar mykje, og dei gjer jobben for at me skal klare å få to på tinget……….og me er evig takksame. Me skal sjå framover i 2017………

Me har mykje godt arbeid framfor oss mot 2017. Me skal bygga organisasjonen- bygga politikk for framtida- vera eit ja-parti for utvikling –og mot stagnasjon- og me skal bygga valsiger i 2017 som eit stort ja til utvikling i S&F. Me skal være tydelige på våre verdiar. Vise fram våre visjonar for framtida. Vise at det betyr noko kven som styrer. ……så kjære kameratar…… Velkommen til den viktigaste politiske verkstaden i Sogn og Fjordane……og velkommen til årsmøte i S&F Ap.