Eit budsjett for styrking av kommunane og fylkeskommunen

Les fylkesleiar Hilmar Høl sin kronikk om Arbeidarpartiet sitt alternative statsbudsjett: Det Noreg me kjenner i dag er resultat av korleis me som samfunn har evna å omstilla oss i møte med store endringar og omveltningar. Gjennom historia har dette vore meir normalen enn unnataket. Når me har vorte fleire mennesker, når teknologien har erstatta gamle løysningar, eller når gamle utfordringar er løyst og vorte erstatta av nye. Forteljinga om om Noreg er forteljinga om korleis me i fellesskap har møtt utfordringar og grepe moglegheitane me har skapt eller vorte gjeve. Eit eksempel er korleis me som samfunn har vorte stilt ovanfor viktige vegvalg knytt til naturressursane. Gjennom politiske vedtak sørga for at desse ressursane er vorte forvalta av felleskapet, og at rikdomen dei er opphav til, er investert i fellesskapet sitt beste. Heimfallretten har vore avgjerande for styring og kontroll av vasskrafta, og har gjeve samfunnet store inntekter og ein sterk landbasert industri. Innføring av kvoter og reguleringar la grunnlag for ein god forvaltning av fiskebestanden, og norske myndigheiter sikra suverenitet over den norske kontinentalsokkelen, der utanlandske selskap prøvde å få eksklusive rettigheitar til oljeleiting. Dette har vore eit grunnlag for rikdomen vår. Bærekraften i vår velferdsmodell blir no utfordra. Regjeringa brukar meir oljepengar enn det som kjem inn. Regjeringa si bruk av felleskapet sine oljeinntekter har vore rekordhøg i heile regjeringsperioden, og blir vidareført i budsjettforslaget for 2017. Regjeringa si hovudprioritering er skattekutt til dei som har mest frå før. Dette aukar dei økonomiske skildnadane i Noreg, og er finansiert med hjelp av usosiale velferdskutt og «store lån» frå framtidas generasjonar. Det er kortsiktig og lite bærekraftig. Ap ynskjer sterke kommunar som skal gje bebuarane gode tenester. Helsetenester, skule og eldreomsorg skal vere gode offentlege tenestar som omfattar alle. Det krev politiske prioriteringar. For å styrka velferden, må me styrka kommunane. Ap ynskjer å styrka kommuneøkonomien med to milliardar kroner i tillegg til regjeringa sine bevilgningar. Kommunane i Sogn og Fjordane vil da få 46,6 millionar meir. Dette vil gje alle kommunar auke i den kommunale økonomien. Som døme får Flora 4,7 mill/kr, Sogndal 2,9 mill/kr , Førde 4,9 mill/kr, Luster 2,2 mill/kr, Stryn 3 mill/kr, Vågsøy 2,4 mill/kr, Eid 2,3 mill/kr, Årdal 2,2 mill/kr meir enn regjeringa sitt framlagte budsjett. Ap vil i tillegg gje ein milliard meir til fylkekommunane utover regjeringa sine rammer. Sogn og Fjordane vil da få tilført 60,6 mill/kr meir. I tillegg vil AP føra ein aktiv næringspolitikk der me legg til rette for verdiskapning og vekst i heile landet. Regjeringa sine kutt i regionale utviklingsmidlar vil ramma regional og lokal verdiskapning. Ap vil prioritera næringsretta midlar til regional utvikling. Dette vil for Sogn og Fjordane bety 13,1 mill/kr meir enn regjeringa sitt framlagte budsjett. Regjeringa sitt økonomiske opplegg gjev i beste fall nullvekst i sektoren. Eit svakt økonomisk opplegg gjev lite rom for satsing. Me står sterkast nå me står i lag. Me har bygd verdens beste velferdsamfunn, skapt eit stort samfunnsmessig overskot frå våre naturressursar og holdt skildnadane mellom folk små. Erna Solberg gjekk til val på å gjera Noreg mindre avhengig av olje, og prioritera betre. På si vakt, som statsminister, har bruken av oljepengar auka med nesten 100 milliardar/kr på 4 år. Regjeringa si manglande evne til å prioritere blir løyst med å gå til «pensjonsfondet». Det er eit uttrykk for kortsiktigheit og ei manglande vilje til å ta ansvar for framtidige generasjonar.