AP seier ja til fleire lærlingar

På dagens møte skal fylkestinget ta stilling til å auke antal lærlingar i fylkeskommunen. Dette er ei sak Sogn og Fjordane AP har vore pådrivar for og vi vil difor støtte tilrådinga om å auke antal lærlingar. Senea Sabanovic held følgjande innlegg på vegne av AP-gruppa:

original_1478638659_7294426

Fylkesordførar

Eg er glad for at Fylkestinget får denne saka på bordet, etter eit initiativ ifrå Arbeidarpartiet. Fag og yrkesutdanninga har lange og sterke tradisjonar. Til det grøne skifte treng me blant anna snikkarar til å bygga framtidas miljøvennlege hus, kompetente anleggsarbeidarar som skal bygge vegar og tunellar, kreative elektrikarar som skal sikra framtidig energiproduksjon, og dyktige og ansvarsbeviste helsefagarbeidarar som tek vare på oss etter kvart som me blir stadig eldre.

For samfunnet, økonomien og velferda er det nødvendig å satsa på og løfta yrkesfag! Yrkesfagselevar skal ha same rett som andre elevar til å fullføra den utdanninga dei har valt, difor er det heilt avgjerande at elevane får læreplassar. Læretida er for mange ungdommar det første møte med arbeidslivet, og det er viktig at dette blir ein positiv og lærerik tid.

Elevane våre treng kompetanse og læreplassar, og næringslivet, og offentleg tenesteyting treng dyktige arbeidstakarar.

Det må leggast til rette for mange fleire læreplassar både i det private og det offentlege. Kvart år er det alltid nokon som står utan læreplass, og det er uheldig. Arbeidet med å skaffa fleire læreplassar både i privat og offentleg sektor er viktig, men spesielt i offentleg sektor ser me det er eit stort forbetringspotensiale. Her må eg få trekke fram det gode arbeidet leiaren i fagopplæringsnemnda har gjort for lærlingane våre. Leiaren har hatt møte med regionsråda, snakka om viktigheita med lærlingar, og fått til forpliktande samarbeidsavtalar.

Fag og yrkesfagutdanning står sterkt i Arbeidarpartiet. Og for å få fleire ungdommar til å velja og gjennomføra ein yrkesfagleg utdanning, er det eit stort behov for enda fleire læringsplassar enn kva det er i dag. KS sitt landsting har sett fokus på, og anbefalt kommunal- og fylkeskommunalsektor å tilby fleire lærlingplassar. Fylkeskommunen må vere eit førebilete, og må difor følgje opp tilrådinga frå KS.

Etter vårt syn har fylkeskommunen eit samfunnsansvar ved å jobba aktivt for å sikra ungdommane våre ein god utdanning. Og heile offentleg sektor har eit ansvar ved å bidra til å utdanna elevar til fagarbeidarar. Difor er viktig å aktivt synleggjera behovet for fagarbeidarar, og gjera det attraktivt å velja desse retningane tidleg i skulen.

I fylket står yrkesfag veldig sterkt. Omtrent halvparten av elevane våre vel yrkesfagretta utdanning. Og når ein so stor andel vel yrkesfag, og er det viktig å tilby læreplassar. Etter framlegg frå AP i fylkesutvalet, blei tilrådinga endra frå bør til skal, og det er flott at fylkesutvalet kunne samla seg om dette.

Arbeidarpartiet har vore pådrivar i denne saka, og me ser svært positivt på at fylkeskommunen no skal auke antal lærlingar framover. Det er viktig at offentleg sektor tek ansvar, og går fram som eit godt eksempel.

Me har hatt, har framleis, og kjem til å ha behov for lærlingar.