Ap oppfordrar offentleg sektor til å ta inn fleire lærlingar.

Sogn og Fjordane Ap vil setje fokus på eit viktig tema i fag- og yrkesopplæringa. Tilgangen på læreplassar og inntaket av lærlingar, og spesielt innafor offentleg sektor. Nokre av dei største arbeidsoppgåvene i samfunnet er innafor offentleg tenesteproduksjon, så som pleie og omsorg og oppvekst. At vi får utdanna fagarbeidarar med fagbrev til desse yrkesgruppene i tida framover, er overmåte viktig for å kunne gje eit godt tilbod til brukarar av desse tenestene i framtida

original_1478641312_3808897

Det har gjennom tiår på tiår hatt status å ta høgare utdanning. Yrkesfaga har ikkje hatt same status. Vi må framsnakke yrkesfaga. Fagarbeidaren som arbeider nærmast brukarane av eksempelvis det offentlege tenestetilbodet, gjer eit svært viktig arbeid for brukarar og samfunn. Dette arbeidet er nett like mykje verdt som ingeniøren i oljen eller kven det måtte vere.

Viss ein tek utgangspunkt i KS sine mål, seier dei at kommunal sektor skal arbeide for å ha 2 lærlingar pr 1000 innbyggjarar. Nokre kommunar i Sogn og Fjordane når denne målsetjinga i dag, men for andre er det ein veg å gå. Fagopplæringsnemnda ved nemnda sin leiar og sekretæriat har gjennom vår og forsommar spelt på lag med regionråda og kommunane for å setje fokus på dette.

Også i fylkeskommunen er det ein veg å gå for å innfri KS sine målsetjingar. For oss i Arbeidarpartiet er det viktig at også fylkeskommunen som ansvarleg for vidaregåande opplæring, og elles ein vesentleg samfunnsaktør og arbeidsgjevar tek på alvor ansvar for lærlingordninga. Difor er det i økonomiplansaka bedd om ei utgreiing kring dette, og korleis fylkeskommunen best kan oppfylle KS sine mål om lærlingar også i eiga bedrift.

I mine auge må det å ta inn lærlingar vere ein av dei beste måtane offentleg sektor kan rekruttere arbeidskraft på. Gå i dialog med lokal ungdom som er i utdanning og tilby desse læreplassar og arbeid i heile stillingar i heimekommunen. Vi snakkar så mykje om å få ungdom heim att. Her er ein muligheit til å gje i alle fall nokon eit konkret lokalt tilbod. For yrkesgrupper som vi veit det vil vere konstant rekrutteringsbehov innafor, må lærlingeordinga vere den beste måten å sikre framtidig arbeidskraft, like mykje i offentleg som i privat sektor.

Vegen vidare frå VG2 i skule er delt i mange alternativ. Og overgangen mellom VG2 i skule og utdanning i bedrift, er ein av dei kritiske fasane for gjennomføring i den vidaregåande opplæringa. Det må ikkje vere slik at det er mangel på læreplassar som skal vere begrensande for vala ungdommen gjer. Så stå opp for fag- og yrkesopplæringa og ta inn lærlingar som eit ledd i rekrutterings- og utviklingsarbeidet lokalt.


Henrik Oppen

Fylkestingsrepresentant for Ap og medlem i Hovudutval for opplæring