Aktuelt

Nyheter

  • Samling for seniorane

  • Lik løn for likt arbeid

  • Velkommen til fylkesårsmøte

  • Sjå framlegga til årsmøtet

  • Hadia Tajik kjem til fylkesårsmøtet

  • Til minne om Kjell Opseth

  • NEI TIL RETUR AV OKTOBERBORNA

    Styret i Sogn og Fjordane AP har gjort følgjande vedtak om oktoberborna:

  • Ingrid Heggø sin tale i Førde

    Stortingsrepresentant Ingrid Heggø heldt 1.mai tale på eit godt besøkt arrangement i Førde. Hovudtema i talen hennar var trygge jobbar - nytt fleirtal Her kan du lese heile talen til Ingrid:

  • Henrik slo eit slag for fag- og yrkesopplæringa

    Fylkestingsrepresentant og medlem i opplæringsutvalet, Henrik Oppen, slo eit slag for fag- og yrkesopplæringa i den politiske debatten på fylkesårsmøtet på laurdag. Her kan du lese Henrik sitt innlegg;

  • Fylkesårsmøtet er i gong.

    Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane AP er i gong. Totalt er ca 160 delegatar, gjestar og observatørar på plass. Her kan du lese fylkesleiar Hilmar Høl sin tale til årsmøte:

  • Velkommen til fylkesårsmøte

    Vi ønskjer velkommen til fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane AP vert avvikla laurdag 11. og søndag 12. mars 2017 på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde. Møtet startar laurdag klokka 11.00. Årets gjest er stortingsrepr. og sentralestyremedlem Ingvild Kjerkol. Ho vil innleie til debatt om den politiske situasjonen kl. 14.00. Kl. 16.30. på laurdag vert det debatt om Vestlandet med Georg Arnestad og Arvid Andenæs. Vi ønskjer velkommen til årsmøte!

  • Gratulerer med kvinnedagen!

    I dag er det den internasjonale kvinnedagen. Vi gratulerer alle kvinner verda over med dagen og legg ved ei helsing frå leiar av kvinnenettverket vårt, Siri Sandvik;

  • Ja til intensjonsavtale mellom Sogn og Fjordane og Hordaland

    Fylkestinget handsamar i dag intensjonsavtalen med Hordaland i høve regionreforma. Ap seier ja til denne avtalen og her kan du lese fylkesvaraordførar og gruppeleiar Åshild Kjelsnes sitt innlegg i fylkestinget.

  • Gruppeleiaren nøgd med oppstart av virtuell alarmsentral

    Gruppeleiar Åshild Kjelsnesdreg i sitt innlegg om justering av budsjettet spesielt fram oppstartløyving til virtuell alarmsentral, men nemner også fleire andre positive saker. Her kan du lese heile innlegget til Åshild.

  • Eit budsjett for styrking av kommunane og fylkeskommunen

    Les fylkesleiar Hilmar Høl sin kronikk om Arbeidarpartiet sitt alternative statsbudsjett: Det Noreg me kjenner i dag er resultat av korleis me som samfunn har evna å omstilla oss i møte med store endringar og omveltningar. Gjennom historia har dette vore meir normalen enn unnataket. Når me har vorte fleire mennesker, når teknologien har erstatta gamle løysningar, eller når gamle utfordringar er løyst og vorte erstatta av nye. Forteljinga om om Noreg er forteljinga om korleis me i fellesskap har møtt utfordringar og grepe moglegheitane me har skapt eller vorte gjeve. Eit eksempel er korleis me som samfunn har vorte stilt ovanfor viktige vegvalg knytt til naturressursane. Gjennom politiske vedtak sørga for at desse ressursane er vorte forvalta av felleskapet, og at rikdomen dei er opphav til, er investert i fellesskapet sitt beste. Heimfallretten har vore avgjerande for styring og kontroll av vasskrafta, og har gjeve samfunnet store inntekter og ein sterk landbasert industri. Innføring av kvoter og reguleringar la grunnlag for ein god forvaltning av fiskebestanden, og norske myndigheiter sikra suverenitet over den norske kontinentalsokkelen, der utanlandske selskap prøvde å få eksklusive rettigheitar til oljeleiting. Dette har vore eit grunnlag for rikdomen vår. Bærekraften i vår velferdsmodell blir no utfordra. Regjeringa brukar meir oljepengar enn det som kjem inn. Regjeringa si bruk av felleskapet sine oljeinntekter har vore rekordhøg i heile regjeringsperioden, og blir vidareført i budsjettforslaget for 2017. Regjeringa si hovudprioritering er skattekutt til dei som har mest frå før. Dette aukar dei økonomiske skildnadane i Noreg, og er finansiert med hjelp av usosiale velferdskutt og «store lån» frå framtidas generasjonar. Det er kortsiktig og lite bærekraftig. Ap ynskjer sterke kommunar som skal gje bebuarane gode tenester. Helsetenester, skule og eldreomsorg skal vere gode offentlege tenestar som omfattar alle. Det krev politiske prioriteringar. For å styrka velferden, må me styrka kommunane. Ap ynskjer å styrka kommuneøkonomien med to milliardar kroner i tillegg til regjeringa sine bevilgningar. Kommunane i Sogn og Fjordane vil da få 46,6 millionar meir. Dette vil gje alle kommunar auke i den kommunale økonomien. Som døme får Flora 4,7 mill/kr, Sogndal 2,9 mill/kr , Førde 4,9 mill/kr, Luster 2,2 mill/kr, Stryn 3 mill/kr, Vågsøy 2,4 mill/kr, Eid 2,3 mill/kr, Årdal 2,2 mill/kr meir enn regjeringa sitt framlagte budsjett. Ap vil i tillegg gje ein milliard meir til fylkekommunane utover regjeringa sine rammer. Sogn og Fjordane vil da få tilført 60,6 mill/kr meir. I tillegg vil AP føra ein aktiv næringspolitikk der me legg til rette for verdiskapning og vekst i heile landet. Regjeringa sine kutt i regionale utviklingsmidlar vil ramma regional og lokal verdiskapning. Ap vil prioritera næringsretta midlar til regional utvikling. Dette vil for Sogn og Fjordane bety 13,1 mill/kr meir enn regjeringa sitt framlagte budsjett. Regjeringa sitt økonomiske opplegg gjev i beste fall nullvekst i sektoren. Eit svakt økonomisk opplegg gjev lite rom for satsing. Me står sterkast nå me står i lag. Me har bygd verdens beste velferdsamfunn, skapt eit stort samfunnsmessig overskot frå våre naturressursar og holdt skildnadane mellom folk små. Erna Solberg gjekk til val på å gjera Noreg mindre avhengig av olje, og prioritera betre. På si vakt, som statsminister, har bruken av oljepengar auka med nesten 100 milliardar/kr på 4 år. Regjeringa si manglande evne til å prioritere blir løyst med å gå til «pensjonsfondet». Det er eit uttrykk for kortsiktigheit og ei manglande vilje til å ta ansvar for framtidige generasjonar.

  • Ja til forlenging av låneavtale for Opplæringsfartøy A/S

    Fylkestinget sa i går ja til forlenging av låneavtale for Opplæringsfartøy A/S. Dette er eit viktig selskap for den marine og maritime utdanninga i Sogn og Fjordane. Her kan du lese innlegget til fylkestingsrepr. og medlem i opplæringsutvalet, Henrik Oppen, i saka:

  • AP seier ja til fleire lærlingar

    På dagens møte skal fylkestinget ta stilling til å auke antal lærlingar i fylkeskommunen. Dette er ei sak Sogn og Fjordane AP har vore pådrivar for og vi vil difor støtte tilrådinga om å auke antal lærlingar. Senea Sabanovic held følgjande innlegg på vegne av AP-gruppa:

  • Nominasjonsnemnda sitt endelege listeframlegg

    Nominasjonsnemnda til Sogn og Fjordane Arbeidarparti har i møte den 26.september vedteke framlegg til endeleg listeframlegg. Dette framlegget er nominasjonsnemnda si innstilling til nominasjonsmøtet den 5.november

  • Første framlegg frå nominasjonsnemnda

    Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane AP er no klare med sitt første utkast til stortingsvalliste 2017. Kommunepartia har frist til 26. september med å komme med merknadar. Deretter vil nominasjonsnemnda legge fram sitt endeleg utkast 29. september. Nominasjonsmøtet vert halde laurdag 5. november i Sogndal.

  • Gruppeleiar Åshild Kjelsnes sitt innlegg om Fjord1 i fylkestinget

    Etter lang tid med mykje turbulens vedtok fylkestinget i dag å selje aksjane i Fjord1. Arbeidarpartiet har vore kritiske til den prosessen fleirtalet har køyrt og her kan du lese gruppeleiar og fylkesvaraordførar sitt innlegg då saka vart handsama i fylkestinget i dag:

  • Ap oppfordrar offentleg sektor til å ta inn fleire lærlingar.

    Sogn og Fjordane Ap vil setje fokus på eit viktig tema i fag- og yrkesopplæringa. Tilgangen på læreplassar og inntaket av lærlingar, og spesielt innafor offentleg sektor. Nokre av dei største arbeidsoppgåvene i samfunnet er innafor offentleg tenesteproduksjon, så som pleie og omsorg og oppvekst. At vi får utdanna fagarbeidarar med fagbrev til desse yrkesgruppene i tida framover, er overmåte viktig for å kunne gje eit godt tilbod til brukarar av desse tenestene i framtida

  • Sogn og Fjordane Ap vil ha fleire lærlingar i fylkeskommunen.

    For Ap er det viktig å heve statusen til yrkesfag og å motivere unge til å velje yrkesfag. Lærlingplassar i både offentlig og privat sektor er nødvendig for at fleire gjennomfører ei yrkesutdanning, seier Henrik Oppen og Senea Sabanovic, som begge sit i opplæringsutvalet i fylket. Dei viser til at auka gjennomføring i vidaregåande opplæring er eit av satsingsområda til fylkeskommunen.

  • Stortingsvalet 2017 - spørsmål om attval

    Nominasjonsnemnda har spurd dei 10 kandidatane frå sist stortingsval om kven som tek attval til valet i 2017. Her ser du oversikta over svara frå kandidatane.

  • 1.mai-markeringar over heile fylket

    Tradisjonen tru vert 1. mai markert over heile fylket. Her kan du sjå oversikt over dei ulike arrangementa og kven som held talar.

  • Industrisatsing frå Arbeidarpartiet

    Industriutvalet med gode innspel og forslag inn mot programprosessen til Landsmøte 2017 Industrisatsing frå Ap - Industriutvalet føreslår politikk som ikkje minst vil gagne Sogn og Fjordane, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø. Ho siktar til Arbeidarpartiet sitt industriutval som vart sett ned etter initiativ frå Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Innstillinga, som vart presentert i dag, går inn i arbeidet med nytt partiprogram for 2017-valet. - Sogn og Fjordane er eit industrifylke frå Måløy til Årdal, Stryn til Gulen. Vi treng eit Ap som både vågar å snakke om industri og som jobbar grundig med kva ny industrivekst krev av politikk, seier Hilmar Høl, leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Han oppmodar alle med interesse for industriutvikling om å lese innstillinga, og gjerne kome med innspel og tilbakemeldingar. Begge understrekar den alvorlege ramma rundt industriutvalet sitt arbeid: - Vestlandet er hardt råka av offshorenedgangen. Folk treng å sjå at det finst alternativ til ei passiv «vi får sjå kva som skjer»-haldning. Innstillinga tek føre seg heile breidda av industriell produksjon, inkludert marine og maritime næringar, den nye bioøkonomien og kraftforedlande industri. Teknologisk utvikling er ein raud tråd. - Framlegget om å etablere eit norsk toppindustrisenter er viktigare enn det kan høyrast ut som. Dette har vore etterlyst av dei fremste innanfor kunnskapsbasert industri, seinast av sjefen i Kongsberg Gruppen. Senteret skal kople kompetanse og ny teknologi på tvers av bedrifter og bransjar, og vil – saman med kraftig styrking av den næringsretta forskinga – auke innovasjonskrafta som er så viktig for framtida, seier Heggø. Eit anna framlegg ho har stor tru på, er ei statleg garantiordning for større investeringar i industrien. Og ho peikar på eitt av punkta med størst direkte betydning for fylket: - Utvalet går inn for ein modell der den kraftforedlande industrien blir behandla likt uavhengig av kor i straumnettet den enkelte bedrifta er tilknytt. Dette vil ha få mykje å seie for stader som Bremanger og Høyanger. Høl er oppteken av at dei norske kraftressursane i langt større grad må brukast til industriutvikling her, framfor å eksporterast som straum. - Det er ei lette å sjå at dette blir så sterkt understreka av utvalet, som òg er konkret på det som gjeld auka hydrogenproduksjon. Ingrid Heggø kan kontaktast på 970 85 321, Hilmar Høl på 902 01 564.

  • Vedtak på årsmøtet

    Ei god årsmøtehelg er over og på den viktigaste politiske verkstaden i fylket vart det som vanleg utforma mykje god politikk. Her følgjer ei oversikt over dei vedtaka som vart gjort på årsmøtet.

  • SAMLING I KVINNENETTVERKET

    Årsmøtehelga vår tjuvstartar med samling i kvinnenettverket i Førde fredag kveld. Innleiar er ingen ringare enn partisekretær Kjersti Stenseng. Over 30 deltakarar er påmelde og vi ser fram til ei motiverande samling.

  • Velkommen til årsmøte

    5.-6. mars kan fylkesleiar Hilmar Høl ønskje velkommen til årsmøte i Sogn og Fjordane AP i Førde. Partisekretær Kjersti Stenseng er gjest på årsmøtet og vil også halde innleiiing for kvinnenettverket fredag kveld.

  • Møte med Helga Pedersen om kommunereforma

    Førstkommande tysdag kjem nestleiar i kommunalkomitèen, Helga Pedersen, til Førde. Tema er naturleg nok kommunereforma.

  • Trond Giske kjem til Eid

    Nestleiar Trond Giske kjem til Eid 2. februar. Vi inviterer til ope møte kl. 18.30 i Operahuset for medlemmer og sympatisørar. Her vil Trond halde føredrag med utgangspunkt i boka si "La læraren vere lærar".

  • Kjersti Stenseng til fylkesårsmøtet

    Partisekretær Kjersti Stenseng gjestar årsmøtet til Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Årsmøtet vert halde i Førde 5.-6. mars. Fylkespartiet er svært glad for at Kjersti tek turen og ønskjer ho hjarteleg velkommen til Sogn og Fjordane.

  • NY ORGANISASJONSSEKRETÆR

    Arve Helle frå Fjaler er tilsett i eit års vikariat som organisasjonssekretær i fylkespartiet frå og med 1. januar 2016 og eit år framover. Han skal vikariere for Michelle Walmann som skal ha svangerskapspermisjon.

  • Valet 2015

    Ein lang og spennande valkamp er over, tusen takk til alle som har stemt på oss og bidratt til gode resultat. Vi gjekk fram i fylkestingsvalet og var størst i fylket på kommunevalet.